Slektskap mellom fulfulde og andre språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Slektskap mellom fulfulde og andre språk Fulfulde blir rekna til undergruppa Senegal-språk i den nordlege greina av dei atlantiske språka, som utgjer ei hovudgrein av språkfamilien niger-kongo.

Dei atlantiske språka[endre | endre wikiteksten]

Sapir (1971)[1] klassifiserer dei atlantiske språka som vist under, og denne klassifikasjonen har blitt ståande:

Atlantiske språk
I. Nordleg grein A. Senegal-språk 1. Fulfulde og serer
2. Wolof
B. Cangin-språk Lehar, safen o.a.
C. Bak-språk Diola o.a.
II. Bijago
III. Sørleg grein A. Sua
B. Mel-språk
C. Limba

Tabellen viser at fulfulde er nærmast skyldt språket serer, som blir snakka i Senegal og Gambia.

Niger-kongospråka[endre | endre wikiteksten]

Dei atlantiske språka utgjer på eitt eller anna nivå ei grein av niger-kongospråka.

Joseph H. Greenberg[endre | endre wikiteksten]

Greenberg (1963)[2] kalla niger-kongospråka for niger-kordofansk, som han delte i to hovudgreiner, kordofansk og niger-kongo. Niger-kongo delta han så inn i seks jamstilte undergrupper. Den fyrste av dei kalla han vestatlantisk (West Atlantic), som vi no kallar atlantisk:

Niger-kordofanske språk
I. Kordofansk
II. Niger-kongo A. Vestatlantisk
B. Mande
C. Kwa
D. Gur
E. Benue-kongo
F. Adamawa-ubangi[3]

Kay Williamson og Roger Blench[endre | endre wikiteksten]

Williamson og Blench (2000)[4] deler niger-kongospråka i dei same to hovudgreinene som Joseph H. Greenberg, men kallar greinene høvesvis kordofansk og mande-atlantisk-kongo. Den sistnemnde greina deler dei i tre, atlantisk, mande og ịjọ-kongo. Den sistnemnde gruppa svarar til gur, kwa, benue-kongo og adamawa-ubangi hos Greenberg, men inndelinga deira av denne "resten" – som ikkje er relevant å drøfte her – er heilt annleis.

Niger-kongospråk
I. Kordofansk
II. Mande-atlantisk-kongo A. Mande
B. Atlantisk
C. Ịjọ-kongo

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sapir, J. David 1971. West Atlantic. S. 45–112 i Thomas A. Sebeok (ed.): Linguistics in Sub-Saharan Africa. (Current Trends in Linguistics, 7.) The Hague og Paris: Mouton.
  2. Greenberg, Joseph H. 1963. The languages of Africa. Bloomington: Indiana University. Research Center in Anthropology, Folklore, and Linguistics. The Hague: Mouton.
  3. Greenberg kalla eigentleg denne gruppa for Adamawa-Eastern
  4. Williamson, Kay og Roger Blench 2000. Niger-Congo. S. 11–42 i Bernd Heine og Derek Nurse (ed.) 2000. African Languages. An Introduction. Cambridge: Cambridge University Press.