Slørtåka
Utsjånad
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/00/Smoke-like_wisps_in_the_Veil_Nebula_by_HST.jpg/220px-Smoke-like_wisps_in_the_Veil_Nebula_by_HST.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/57/Veil_Nebula_by_Hubble_2007%2C_segment_2.jpg/220px-Veil_Nebula_by_Hubble_2007%2C_segment_2.jpg)
Slørtåka (katalogisert NGC 6960) er ein supernovarest som ligg rundt 1500 lysår unna jorda i stjernebiletet Svana.[1] Slørtåka spenner over 3 grader på himmelen sett frå jorda; noko som svarer til rundt seks fullmånar.[1]
Estimat går ut på at supernovaeksplosjonen som skapte Slørtåka skjedde for 5 til 10 000 år sia.[1] Restane frå denne eksplosjonen ekspanderer utover med ein fart på 600 000 kilometer i timen og kolliderer med omgjevnadane. Energien som då blir frigjeve får gass til å gløda, og dette kan sjåast som Slørtåka.[1]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Uncovering the Veil Nebula» - Hubble-pressemelding vedrørande bilete av tåka teke av teleskopet.