Svana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svana
Svana
Latinsk namn Cygnus
Forkorting Cyg
Genitivsform Cygni
Symbologi Opphavleg berre «Fuglen»
Rektasensjon 20,62 h
Deklinasjon +42,03°
Areal 804 kvadratgrader
nr. 16 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
4
Sterkaste stjerne Deneb (α Cyg) (1,25. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −40°

Svana (frå latin Cygnus) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Svana er eit av dei lettast gjenkjennelege stjernebileta og har ein markant asterisme kalla Nordkrossen. Svana var blant dei 48 stjernebileta som astronomen Klaudios Ptolemaios skreiv ned på 100-talet og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta.

Svana inneheld Deneb, ei av dei mest lyssterke stjernene på nattehimmelen og eine hjørnet i Sommartrekanten, i tillegg til somme kjende røntgenkjelder og ein enorm stjerne-assosiasjon kalla Cygnus OB2. Ei av stjernene i denne assosiasjonen, NML Cygni, er ei av dei største kjende stjernene ein kjenner til. Stjernebiletet har òg Cygnus X-1, ei fjern røntgenstrålande dobbeltstjerne som består av ei superkjempe og ein usynleg massiv følgjar som var det første objektet ein trudde var eit svart hòl. Mange stjernesystem i Svanen har kjende planetar.

Stjernebiletet Svana slik det er for det nakne auga.

Svana er eit særs stort stjernebilete og grensa til Kefeus i nord og aust, Draken i nord og vest, Lyra i vest, Reven i sør, Pegasus i søraust og Øgla i aust. Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart teikna av Eugène Delporte i 1930, og er definert som eit polygon på 28 segment. Det dekkjer 804 kvadratgrader og kring 1,9 % av nattehimmelen. Svana er det 16. største av dei 88 stjernebileta.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Svana

Koordinatar: Sky map 20h 37m 12s, +42° 01′ 48″