Småbåtregisteret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Småbåtregisteret samlar inn, samordnar og systematiserer data om fritidsbåtar, herunder opplysingar om båt, motor og eigartilhøve.

Registeret vert nytta ved identifisering av båtar og båteigarar i saker som gjeld tjuveri, skadeverk og ulykkar på sjøen. Det vert òg nytta til å legitimere eigedomsrett ved sal av fritidsbåt.

Registeret vart innført som ei obligatorisk ordning ved lov som trådde i kraft desember 1997.[1] Registreringsplikten vart oppheva desember 2002,[2] slik at registrering i småbåtregisteret no er ei frivillig ordning. Likevel kan registrering likevel vere eit krav som forsikringsselskapet set som vilkår for å forsikre fritidsbåtar.

Småbåtregisteret vert no ført av Redningsselskapet. Dei som vil stå registrerte, må betale eit årleg gebyr.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]