Småbruk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Småbrukar)
Jump to navigation Jump to search
Småbruk i Lancashire i England.

Småbruk er ei nemning for mindre gardsbruk, høveleg som attåtnæring for ein familie.

Omgrepet småbrukar kom inn i det norske språket omkring førre hundreårsskifte. Omgrepet vart frå første stund brukt ideologisk. Småbrukaren var fri, i motsetnad til husmannen, og han arbeidde for seg sjølv, utan å utbytte arbeidsfolk, slik arbeidarrørsla kunne meine at bonden gjorde.[1]

Omgrepet småbruk kunne for det første brukast om husmannsplassar som er skilt ut frå en gard og kjøpt fri som eigen eigedom. Då har småbrukaren om lag like stor produksjon som husmannen hadde. På slike bruk var det ikkje lønnsamt med hest for å utføre drifta på bruket.

Omgrepet kunne også bli brukt om bureisingsbruk og andre mindre bruk som var delt frå større eigedommar. I Jordbruksteljinga for 1929 var bruk mellom 2,1 og 5 daa innmark rekna som boligbruk, bruk mellom 5,1 og 20 daa vart rekna som småbruk mens bruk mellom 20,1 og 50 daa innmark vart rekna som «småbruk og gårdsbruk.» Sidan det ville vere feil å setje ei skarp arealgrense mellom gardsbruk og småbruk, var det i 1929 sagt at «Et bruk skal regnes for gårdsbruk når det er så vidt stort at der holdes hest utelukkende eller overveiende for brukets skyld. Nogen bestemt arealgrense kan vanskelig opstilles, men i almindelighet vil et bruk på opimot 30 dekar innmark opfylle disse betingelser.»[2]

Den norske Arbeiderbruk og Boligbank som vart oppretta i 1903, gav lån til bruk inntil 20 daa. I 1915 vart namnet endra til Den Norske Stats Småbruk- og Boligbank, samtidig som arealgrensa vart fjerna.[3]

Med aukande industrialisering ut over 1900-talet, vart småbruk ei god familieøkonomisk tilpassing. Drifta av småbruket kravde ikkje meir arbeidskraft enn at familiefaren kunne ha lønnsarbeid utanom bruket. Det var då husmora som skjøtta hus og fjøs i det daglege. Spesielt for folk som arbeidde i produksjonar med sesongvariasjonar, var det lønnsamt å ha eit småbruk å falle tilbake på. Slik vart også småbruka ei god samfunnsøkonomisk tilpassing.

I Noreg har småbrukarar vore organiserte i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brynjulv Gjerdåker:Kontinuitet og modernitet; Norges Landbrukshistorie III 1814-1920 Det Norske Samlaget 2002 ISBN 82-521-6024-7
  2. Jordbruksteljing 1929, SSB
  3. Brynjulv Gjerdåker:Kontinuitet og modernitet; Norges Landbrukshistorie III 1814-1920 Det Norske Samlaget 2002 ISBN 82-521-6024-7