Bureising

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bureising er ei nemning på det å rydja seg ein gard ved nydyrking og setja opp ein bustad på ein stad der det ikkje har vore dyrka jord før. Ein person som driv eller har drive med bureising, vert gjerne kalla ein bureisar. Om ein bureisar har utvandra til eit anna land, vert han gjerne kalla nybyggjar. I Noreg arbeidde selskapet Ny Jord for bureising på udyrka jord ved å kjøpa dyrkingsfelt, og på særlege vilkår gje økonomisk tilskot til bureisarar. Fram til midt på 1930-talet hadde selskapet gjeve tilskot til meir enn 10 000 bureisingsbruk, og det var dyrka over 180 000 dekar jord. Nordland, Troms og Hedmark var dei tre fylka med flest bureisingsbruk. Eit mål med bureising kan vera å minska utvandring. I tillegg kan stønad til bureising gjera at fleire flyttar til eit område. Til dømes ved bureising i Nord-Noreg i mellomkrigstida var det tankar om å sikra norsk busetting til vern mot eit stor-Finland. Ein såg òg mogleg fare frå Sovjetunionen. I tillegg kunne ein utbreia norsk kultur på kostnad av samane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]