Smaalenenes Avis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Smaalenenes Avis er ei avis som vert utgjeven i Askim i Østfold. Ho er lokalavis for innbyggjarane i Askim kommune, Eidsberg kommune, Trøgstad kommune, Spydeberg kommune, Marker kommune, Skiptvet kommune og Hobøl kommune i indre (nordre) Østfold.

Denne lokalavisa er ei arv frå avisene Øvre Smaalenene og Indre Smaalenenes Avis, som vart slegne saman til Smaalenenes Avis 3. februar 2003, og Østfold-Posten som vart lagt inn i Øvre Smaalenene i 1990.

Avisa kjem ut seks dagar i veka (måndag-laurdag). Smaalenenes Avis høyrer til mediehuset Indre/Follo og er eigd av A-pressen. Jarle Bentzen er ansvarleg redaktør/adm.dir. i Smaalenenes Avis og mediehussjef.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag

2004 13 976
2005 13 936
2006 13 872
2007 13 370
2008 13 305
2009 13 230
2010 12 894
2014 11 424

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.