Askim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Askim
By
none  Askim stasjon på Askim.
Askim stasjon på Askim.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Østfold
Kommune Askim
Areal 8,15 km²
Folketal 14 003 (2015)
Folketettleik 1 718 / km²
Innbyggjarnamn askiming
Preposisjon Askim
Wikimedia Commons: Askim, Norway

Askim uttale , også kalla Askimbyen, er ein by og administrasjonssenteret i Askim kommune i Østfold med 14 003 innbyggjarar per 1. januar 2015. Byen har eit aktivt nyrenovert kulturhus bygd i funkisstil og to kinosalar, der den eine er ein sertifisert THX-kino. Badelandet Østfoldbadet ligg sentralt på Askim, og inngangspartiet er kopla saman med Kulturhuset i eit stiltilpassa nybygg.

Kulturfestivalen Kraftfestivalen blir arrangert kvar augustmånad og ein tradisjon i det høvet er opningskonserten i den gamle turbinhallen i Kraftverket ved Kykkelsrud. Viking-Askim var inntil nedlegginga i 1992 hjørnesteinsbedrifta i det vesle samfunnet. Sidan da har Askim i stor grad utvikla servicenæringane. Glava er nå hjørnesteinsbedrifta på Askim.

Lokalavisa er Smaalenenes Avis. Askim fekk bystatus i 1996.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Gjennom Askimbyen går den austre linja av Østfoldbanen (lokaltog til Oslo). Her går også E 18 til Sverige. Det går vegar vidare nordover, fylkesveg 115 til Trøgstad og riksveg 22 til Lillestrøm. Sørover fører fylkesveg 115 til Skiptvet og fylkesveg 124 til Rakkestad, begge med samband vidare til Sarpsborg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]