Smalfjorden i Tana
Smalfjorden (nordsamisk Ráttovuotna) er ein fjordarm inst i Tanafjorden i Tana kommune i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke. Fjorden strekkjer seg 12 km sørvestover til Smallfjordbotn i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Tjeldneset i vest og Smalfjordneset i aust. Dei einaste busetnadene ved fjorden ligg i den indre delen. Her ligg mellom anna bygda Smalfjord på austsida av fjorden. Steinvik er ein gard på vestsida.
Riksveg 98 går langs vestsida av den indre delen av fjorden.