Smoi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Smoi er ei form for løyndespråk som vart utvikla i Mandal i tida før fyrste verdskrigen. Ordet smoi tyder smug på Mandalsdialekt. Prinsippet for smoi er at ord og lydar vert stokka om på så det blir vanskeleg for utanforståande å skjøne. Soleis er smoi eit døme på fenomenet som kallast løyndespråk, kodespråk eller antispråk. Torghandlarar kunne bruke smoi for å «dysne nøbbane», altså snyte bøndene. Språket har også vore brukt av drosjesjåførar, av bankfolk, og av motstandsrøyrsla under andre verdskrigen. Smoi kan også nyttast som rein leik og underhaldning. I dag er det helst eldre mandalittar som meistrar smoi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]