Hopp til innhald

Snøblinde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Snøblinde eller solblinde (fotokeratitt eller keratoconjunctivitis nivalis) er midlertidige augeplager forårsaka av brannskadehornhinna og bindehinna. Ein kan få brannskaden som følgje av sterkt sollys eller anna skarpt lys, særleg ultrafiolett lys. Skaden gjer det svært smertefullt å opna augo, slik at ein ei tid blir «blind».[1]

Namnet kjem av risikoen for slike skader på stader der det er mykje snø som reflekterer lyset. Ein kan også bli skadd av lys i solarium eller ved sveising utan bruk av augevern.[1] Når skaden er forårsaka av lys frå sveiseflammar eller det meir ultrafiolette lyset frå lysbogesveising kallar ein gjerne tilstanden sveiseblink eller sveiseblinde.

Vanlegvis syner symptoma på snøblinde nokre timar etter bestrålinga. Tilstanden går over av seg sjøv etter ein til to dagar. Vanlegvis fører han ikkje til varige skader.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Sandvig, Kjell; Høvding, Gunnar (25. november 2019). «snøblindhet». Store medisinske leksikon (på norsk bokmål).