Snøfrisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Snøfrisk
LandNoreg Noreg
MjølketypePasteurisert geitemjølk og kufløyte
OstetypeKremost
KonsistensSmørbar
Feitt25%

Snøfrisk er ein fersk kremost laga av pasteurisert geitemjølk og kufløyte av det norske meierisamvirket TINE. Osten vart utvikla ved Sunnmøre Meieri fyrst på 1990-talet[1] og lansert til OL på Lillehammer i 1994.[2] Han vert produsert ved TINE Meieriet Vest Ørsta[3] og inneheld 80% geitemjølk og 20% kufløyte.[4] Osten vert seld i daglegvarehandelen i låge trekanta plastbeger som tek 125 gram. TINE produserer osten også i kuvertpakningar og spann for storhushaldningar.

I tillegg til den naturelle utgåva av Snøfrisk vert osten seld i variantar smaksett med pepar, dill og raudløk og timian.[2] Tidlegare har det også vore produsert variantar med einebær, peparrot og skogsopp.[5] TINE marknadsførde tidlegare Snøfrisk særleg for bruk i matlaginga, t.d. som smakshevar i sausar til vilt, medan fokus no er flytta meir over på Snøfrisk som pålegg.

Snøfrisk inneheld 25 prosent feitt og er frisk og syrleg med klår, men likevel runda geitemjølksmak.[2]

Tine har i seinare år også byrja produsere ein fast skorpeost av geitemjølk kalla Snøfrisk hvitost.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bergljot Engeset (1996). «Snøfrisk». Geita. Oslo: Samlaget. s. 67. ISBN 8252146376. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Snøfrisk Naturell». tine.no. Henta 19. november 2012. 
  3. «Snøfrisk TINE». ostecomapgniet.no. Henta 19. november 2012. 
  4. Kirsti Hagenes (1999). «Fersk ost». Produksjon av meieriprodukter. Oslo: Yrkesopplæring. s. 181. ISBN 8258513109. 
  5. «Snøfrisk : en ost med mange muligheter». Ostecompagniet. Henta 19. november 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]