Snipsøyrvatnet

Koordinatar: 62°20′5″N 5°58′58″E / 62.33472°N 5.98278°E / 62.33472; 5.98278
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snipsøyrvatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Hareid
Høgd over havet 23.5 moh.
Areal 3,19 km²
Kystlengd1 12,48 km
Koordinatar 62°20′5″N 5°58′58″E / 62.33472°N 5.98278°E / 62.33472; 5.98278
Kart
Snipsøyrvatnet
62°20′05″N 5°58′58″E / 62.334722°N 5.982778°E / 62.334722; 5.982778
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Snipsøyrvatnet er eit vatn som ligg i Hareid kommune i Møre og Romsdal. Vatnet er ca 4,56 km langt og 980 meter på det breiaste. Djupna skal vere ca 34 meter. Vatnet får tilsig frå Nessetelva, Holeelva, Trollelva, Gjerdeelva og nokre små grøver. Dreneringa skjer med Kaldholelva, del av Hareidsvassdraget. I Snispøyrvatnet er det tre holmar: Storholmen, Lisjeholmen og Steinholmen.

Snipsøyrvatnet vart for nokre år sidan ranka som eit av dei beste fiskevatna i landet, på grunn av fangst av stor aure, og det vart igjen i 2010 meldt om fangst av storaure her. Vatnet har ein bra bestand av aure og røye. Også stingsild finst i vatnet. Vatnet har ei badestrand, Holesanden, i sørenden av vatnet, og fleire mindre strender og badeplassar rundt i kring vatnet. På vestsida, ved Nesset-elva, er der eit natur og fritidsareal, som blir brukt av skular, speidarar og andre foreningar.

Nordenden av Snipsøyrvatnet er innlemma i Grimstadvatnet naturreservat. I områda mellom vatnet og kringliggande vegar er fuglelivet freda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]