Snov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Snov
elv
none  Snov ved Sedniv i Ukraina
Snov ved Sedniv i Ukraina
Land Flag of Russia.svg Russland, Flag of Ukraine.svg Ukraina
Kjelde Ved Novozybkov
Munning Desna
Lengd 233 km
Nedslagsfelt 8 705 km²

Snov (russisk og ukrainsk Снов) er ei elv i Brjansk oblast i Russland og i Tsjernihiv oblast i Ukraina og ei av sideelvane til Desna frå høgre.

Ho er 233 km lang og har eit nedslagsfelt på 8705 km². Den øvre delen av elva er 4 til 14 meter brei, medan den nedre delen av ho er 20 til 40 meter brei. Sjølve elvedalen er 1,5 til 4 km brei.

Elva frys vanlegvis til om vinteren. Den nedre delen av elva vert nytta til vatning.

Elva spring ut 7 km søraust for byen Novozybkov og renn om lag 20 km langs grensa mellom Ukraina og Russland, før ho renn inn i Tjsernigov oblast i Ukraina. Her renn ho gjennom Sjtsjors og Sednev. Snov munnar ut i Desna 12 km oppfor Tsjernigov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]