Sofía av Spania (1938)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sofia av Spania)
Hopp til navigering Hopp til søk
For den spanske prinsessa, sjå Sofía av Spania (2007).
Sofía av Spania
Karaliene Sofija (cropped).jpg
FøddΣοφία Μαργαρίτα Βικτωρία Φρειδερίκη
2. november 1938
Tatoi
TittelRoyal Consort of Spain
Alle titlarprinsesse, prinsesse, spansk dronninggemalinne, dronning
Hus eller slektFyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg
LandSpania
MorFriederike av Hannover
FarPaul I av Hellas
EktefelleJuan Carlos I av Spania
BarnElena av Spania, Cristina av Spania, Felipe av Spania
MedlemRomaklubben

Sofía (fødd Sophia Margaret Victoria Frederica av Hellas og Danmark2. november 1938) er dronning av Spania og gift med kong Juan Carlos I av Spania. Kongen abdiserte i 2014, men Sofía har framleis dronningtittelen.

Sofia høyrer til huset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg og vart født som prinsesse av Hellas og Danmark. Ho var det eldste av borna til kong Paul I av Hellas og dronninga hans Friederike, som opphavleg var prinsesse av Hannover. Sofia har to yngre sysken; broren kong Konstantin II av Hellas, og dessutan systera prinsesse Irene. Ho er oldebarn av keisar Vilhelm II av Tyskland på både fedrane og mødrene side.

Delar av barndomen var ho i Egypt og Sør-Afrika, etter at familien hennar måtte flykte frå den greske borgarkrigen. I 1946 reiste ho tilbake til Hellas, før ho vart send på den prestisjefulle tyske internatskolen Schule Schloss Salem. Deretter studerte ho musikk og arkeologi i Athen, og deltok ved dei sommar-OL i 1960 i Roma.

14. mai 1962 gifta prinsesse Sofia seg med den spanske prinsen Juan Carlos. Han vart i 1969 utropt som tronfølgjar av Spanias diktator, Francisco Franco, og då Franco døydde 22. november 1975, vart Juan Carlos og Sofia Spanias kongepar.

Dei har tre born:

Sofia vart i 1982 tildelt storkors av St. Olavs Orden. I 2001 mottok ho Ordenen til den kvite ørn frå Polens president. Ho er æresdoktor ved fleire universitet og medlem av Roma-klubben.

Ho snakkar spansk, gresk, tysk, fransk og engelsk.