Konstantin II av Hellas
Konstantin II | |
![]() | |
Konge av Hellas (Tronpretendent) | |
Periode | 6. mars 1964–1. juni 1973 |
---|---|
Fødenamn | Konstantin |
Fullt namn | Konstantin II |
Fødd | 2. juni 1940 |
Fødestad | Aten i Hellas |
Mor | Frederike av Hellas |
Far | Paul av Hellas |
Ektefelle | Anne-Marie av Danmark |
Barn | Alexia av Hellas og Danmark, Pavlos av Hellas, Nikolaos av Hellas og Danmark, Theodora av Hellas og Danmark, Philippos av Hellas og Danmark |
Hus | Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg |
Far | Paul av Hellas |
Mor | Frederike av Hellas |
Medlem | Den internasjonale olympiske komitéen International Soling Association World Sailing |
Føregangar | Paul av Hellas |
![]() |
Kong Konstantin II av Hellas
Den øvrige kongelege familien
|
Konstantin II GCRR, RE (gresk Κωνσταντίνος Β') (fødd 2. juni 1940 i Aten) er prins av Danmark, tronpretendent av Hellas og tidlegare hertug av Spártis og konge av Hellas frå 1964 til monarkiet vart avskaffa av den greske militærjuntaen 1. juni 1974.
Han var berre 24 år gammal då han vart konge, men hadde klåre politiske ambisjonar om å vere ein konge med makt og innverknad. Dette førte han opp i fleire konfliktar med dei folkevalde politikarane. Same år som han vart konge, gifta han seg med kusina si, den 18 år gamle prinsesse Anne-Marie av Danmark. Dei fekk etter kvart fem born. Våren 1967 gjorde ein militærjunta statskupp i Hellas, og avsette regjeringa. I desember same året gjorde kongen eit forsøk på motkupp, men dette mislukkast. Kuppforsøket var dårleg planlagt og hjelpelaust gjennomført. Kongefamilien flykta til Roma, og har sidan levt i eksil, det meste av tida i London.
Som ung vann kronprins Konstantin gull i drakebåtsegling under sommar-OL 1960. Han var òg ein god symjar og hadde svart belte i karate.[1]
Kong Konstantin II vart i 1964 tildelt storkors med kjede av St. Olavs Orden. Han er òg riddar av Elefantordenen og er tildelt Dannebrogordenen.
Ekteskap og barn[endre | endre wikiteksten]
I 1963 vart han offisielt trulova med prinsesse Anne-Marie av Danmark. Dei gifta seg 18. september 1964 i Aten, og Anne-Marie vart dronning av Hellas.
Dei har barna:
- Prinsesse Alexia av Hellas og Danmark (fødd 10. juli 1965)
- Kronprins Pavlos av Hellas (fødd 20. mai 1967)
- Prins Nikolaos av Hellas og Danmark [fødd 1. oktober 1969)
- Prinsesse Theodora av Hellas og Danmark (fødd 9. juni 1983)
- Prins Philippos av Hellas og Danmark (fødd 26. april 1986)
Olympiske medaljar[endre | endre wikiteksten]
Sommar-OL 1960[endre | endre wikiteksten]
Hellas[endre | endre wikiteksten]
- Gull i drakebåtsegling
Titlar, tiltaleformer, dekorasjonar og våpenskjold[endre | endre wikiteksten]
Titlar og tiltaleformer[endre | endre wikiteksten]
- 1940–1947: Høgvørde prins Konstantin av Hellas og Danmark
- 1947–1963: Høgvørde jronprins Konstantin av Hellas, prins av Danmark, hertug av Spártis
- 1963–1973: Hans majestet kongen av hellenarane, prins av Danmark
- 1973–i dag: Hans majestet kong Konstantin II av Hellas, prins av Danmark
I Hellas vert han omtala som den tidlegare kongen (ο τέως βασιλιάς) eller Glücksburg (o Γκλύξμπουργκ). Av greske royalistar vert han omtala som kongen (ο βασιλιάς). Han vert òg omtala som Kokós (Κοκός), ein kortform av namnet Konstantin, som har vorte brukt sida regjeringstida hans.
Av di han stammer frå kong Kristian IX av Danmark har han tittelen Prins av Danmark.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Constantine II of Greece» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2010.
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Monarchs In Waiting, pp.39-41
- Einskildmenn
- Fødde i 1940
- Greske prinsar
- Danske prinsar
- Greske kronprinsar
- Greske kongar
- Prinsar av Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg
- Tronpretendentar
- St. Olavs Orden
- Greske deltakarar under sommar-OL 1960
- Kongelege OL-deltakarar
- Elefantordenen
- Dannebrogordenen
- Frelsar-ordenen
- Greske regentar
- Greske monarkar