Soga om Egil Einhendte og Åsmund Berserksbane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Soga om Egil Einhendte og Åsmund Berserksbane (norrønt Egils saga einhenda ok Ásmundar berserkjabana) er ei islandsk fornaldersaga frå 1300-talet. Historia føregår i austerled, i «Russia», i ein udefinert fortid og handlar om dei to blodsbrørne Egil og Åsmund, og deira innsats for å finna att to bortrøva kongsdøtrer. Det endar med at dei finn dei, og giftar seg med dei. Soga har vorte skildra som «eit æventyr, men soga er påverka av framande æventyr og segn», og som høyrer til den underkategorien av fornaldersagaene som vert kalla «eventyrsagaer»[1][2]

Historia vert fortalt med ei rammeforteljing og tre innskotne livshistorier, eit forteljingsgrep som denne soga er åleine om.[1][3] Dei tre innskotne forteljingane skildrar ungdomsåra til dei to heltane, og dertil historia til kjempekvinna Arinnevja, som bergar dei to fosterbrørne.

Soga har vore svært populær, og har påverka andre sagaer.[3] Den er verna i handskrifta AM343, AM577 og AM589, som alle er frå 1400-talet.[4] Den vart omsett til nynorsk i 1989.[5][6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Finnur Jónsson.
  2. Jón Helgason.
  3. 3,0 3,1 Gudlaug Horgen i innleiinga til 1989-utgåva
  4. Kay Busch
  5. skandinaviske-oversaettelser.net
  6. Soga om Egil Einhendte og Åsmund Berserksbane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]