Sogn politimeisterbustad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Foto: Bjørn Erik Pedersen

Sogn politimeisterbustad i Leikanger er teikna av Riksarkitekten i 1938 og oppført i 1939/40. Bygningen har vore embetsmannsbustad for politimeisteren i Sogn frå han vart bygd og fram til 1996.

Politimeisterbustaden er plassert på ei bratt tomt mellom riksvegen og Sognefjorden. Anlegget består av bustadhus og garasje. Huset er i to høgder: Sokkeletasjen og terrassen er bygd i betong og resten av huset er bygd i tre. Huset er eit sjeldan døme på 30-talsfunksjonalisme utanfor dei større byane i Norge.

Freding[endre | endre wikiteksten]

Både bustadhus og garasje vart freda i 2001. Fredinga gjeld både interiør og eksteriør. Interiøret omfattar innvendig hovudstruktur (rominndeling) og arkitektoniske detaljar (dører, vindauge, listverk, overflater, dekor etc), samt fast innreiing.

Målet med fredinga er primært å bevare dei arkitektoniske kvalitetane. Det at huset ligg i ei lita bygd, fører til auka verneverdi, då det er sjeldan at ein finn døme på reindyrka 30-talls funksjonalisme utanfor dei store byane. Ut over det arkitektoniske er politimeisterbustaden verdifull som ei sein utgåve av embedsmannsbustaden. Bygningen har hatt ein offisiell funksjon som gjer at bygningen er meir sentral i lokalmiljøet enn ein privat villa.

Vestland fylkeskommune har forvaltningsansvaret for freda bygningar og anlegg i Vestland fylke. Det betyr at eigar kan ta kontakt med fylkeskommunen i spørsmål om freding, tiltak på eigedomen og for råd i samband med istandsetting. Private eigarar av freda bygningar og anlegg kan i tillegg søke fylkeskommunen om tilskot til istandsetting og vedlikehald av bygg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 61°11′10″ N 6°49′37″ E