Sogndalstrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sogndalsstrand)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sogndalsstrand
stad
Sogndalstrand01.JPG
Frå Sogndalsstrand
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Sokndal
Postnummer 4380 HAUGE I DALANE

Sogndalstrand
58°19′19″ N 6°17′4″ E
Wikimedia Commons: Sogndalstrand
Frå Sogndalstrand.

Sogndalsstrand er ei bygd i Sokndal kommune i Rogaland fylke, og er ein del av tettstaden Hauge i Dalane.

Dei to bygdene Sogndalstrand og Rekefjord utgjorde 1846–1944 ein eigen bykommune (ladestad) med namnet Sogndal. Staden voks fram på 1600-talet, og var i 1660-åra ein viktig strandstad. Ladestad frå 1798. Sogndalstrand var ei viktig hamn med livleg handelsverksemd. Då gruvedrifta byrja i Sokndal tidleg i 1860-åre, vart Rekefjord gjort til malmhamn, men gruvedrifta vart lagt ned etter 10 år. Framleis i 1880-åra hadde Sogndalstrand om lag 500 innbyggjarar og dreiv eksport av makrell, laks og hummar. Då sørlandske hovudvei vart lagt nord for Sogndalstrand, og då den nyoppretta gruvedrifta 1919 gjorde Jøssingfjord til skipingshamn, vart staden svekka ytterlegare.

Frå midten av 1990-åra har Sogndalstrand hatt aukande turisttrafikk, mellom anna på grunn av dei godt bevarte trehusa frå 1700- og 1800-talet. Byggverka og kulturlandskapet rundt er verna frå 2005. Byggningsmassen av trehus i Sogndalstrand er delt av elva Sokna. På vestsida, Strandasida, ligg bymessige trehus langsmed hovudgata med sjøhus ut mot elva. På austsida, Årossiden, var byggningsmassen opgavleg eit klyngetun med teigdelt innmark og felles utmark etter vanleg skikk på Vestlandet. Delar av dette er bevart. Fiskerimuseet Sogndalstrand høyrer inn under Dalane folkemusum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]