Sognefjorden Uldvarefabrik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

A/L Sognefjorden Uldvarefabrik var ein tekstilfabrikk ved Foss i Sogndal, Sogn og Fjordane. Sogns Uldspinderi og Farveri vart skipa av skotten Wilfred Burton Rowley Kennedy i 1887 i dei gamle lokala til Sogn Tændstikfabrik. Eit lokalt aksjelag med lensmann Nils Landmark Lem i spissen kjøpte fabrikken i 1888. Fabrikken bygde kraftverk i 1912 som forsynte tettstaden Sogndalsfjøra med kraft fram til 1944. Etter ei tid med skiftande eigarar vart A/L Sognefjorden Uldvarefabrik skipa i 1917. Fabrikken brann ned i 1939, men vart bygd opp att etter krigen. Det var 65 tilsette på det meste. Sognefjorden Uldvarefabrik vart nedlagd i 1972, og Lerum Fabrikker tok over bygningane i 1975.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]