Sogndalsfjøra
- Sogndal er omdirigert hit. For kommunen sjå Sogndal kommune.
Sogndalsfjøra | |||
stad | |||
Sogndalsfjøra sett frå Åberge.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane | ||
Kommune | Sogndal | ||
Areal | 2,02 km² | ||
Folketal | 3 943 (2017) | ||
Folketettleik | 1 952 / km² | ||
Postnummer | 6853 SOGNDAL | ||
Innbyggjarnamn | sogndøl | ||
Preposisjon | i Sogndalsfjøra | ||
![]() Sogndalsfjøra | |||
Wikimedia Commons: Sogndalsfjøra | |||
Sogndalsfjøra er ein tettstad og administrasjonssenteret i Sogndal kommune med 3 943 innbyggjarar per 1. januar 2017.
Tettstaden ligg på vestsida av Sogndalsfjorden, ein nordgåande arm av Sognefjorden. Sogndalsfjøra er eit skolesentrum med Høgskolen i Sogn og Fjordane, vidaregåande skule og folkehøgskule. Her er også idretts- og symjehall. Stiftelsen Vestlandsforsking held også til her. Staden er elles eit viktig handelssenter for midtre og indre delar av Sogn.
Sogndalsfjøra har sorenskrivarkontor for Indre Sogn Politikammer. I tettstaden kryssar riksveg 5 (Lærdal–Florø) og riksveg 55 over Sognefjellet (Vadheim–Lom). Lerum Konserves, som er den største norske produsenten av saft og syltetøy, låg her i perioden 1920–2018 før han flytta til nabobygda Kaupanger. Vidare finst sagbruk og trevareindustri, slakteri, fleire hotell og monaleg turisttrafikk.
Det finnes ein del gamal, verdifull byggningsmasse langs fjorden i sentrum. Nyare bustader ligg for ein stor del på austsida av fjorden. Sogndal lufthamn på Haukåsen ligg ti kilometer sør for tettstadefd.
Sogndalsfjøra vert no til dels brukt om heile sentrumsområdet i Sogndal, men Fjøra var opphavleg området som ligg mellom Gravensteinsgata (Riksveg 5) og fjorden, på nordsida av Dalaelvi.[1] Heilt nede ved fjordfjøra ligg Dampskipskaia med ein liten kafe som har uteservering og matsal. Like ved er ein i gang med bygging av Fjordstien som vil gå langs heile Sogndalsfjøra.
Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]
Folketalsutvikling på Sogndalsfjøra | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1865 | 420 | |||
1875 | 459 | |||
1890 | 441 | |||
1900 | 431 | |||
1910 | 522 | |||
1920 | 553 | |||
1930 | 553 | |||
1946 | 677 | |||
1950 | 626 | |||
1960 | 1 513 | |||
1970 | 2 202 | |||
1980 | 2 502 | |||
1990 | 2 683 | |||
2000 | 2 653 | |||
2009 | 3 208 | |||
2012 | 3 455 | |||
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar |
Bilete[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Sogndalsfjøra» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Aage Engesæter: «Sogndalsfjøra» på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Vitja 13.desember 2009