Hopp til innhald

Sognesjøen havforskningsstasjon

Koordinatar: 61°01′04″N 04°50′04″E / 61.01778°N 4.83444°E / 61.01778; 4.83444
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°01′04″N 04°50′04″E / 61.01778°N 4.83444°E / 61.01778; 4.83444 Sognesjøen havforskingsstasjon, eller formelt Fast hydrografisk stasjon Sognesjøen, er ein av åtte faste målestasjonar under Havforskningsinstituttet for kystnære observasjonar. Stasjonen ligg nord på øya Hille i Gulen kommune i Sogn og Fjordane, i Sognesjøen 20 km utanfor munningen av Sognefjorden. Her starta målingar i 1935.

Sognesjøen er 400 meter djup rett utanfor stasjonen, og 1.200 meter djup halvvegs over mot Store Sula i Solund. Sjøen har der fjordvatn i øvre lag, kystvatn i midtre lag, og atlantisk havvatn i dei djupare vasslaga under 150 meters djupn.

Ved stasjonen vert temperatur og salinitet målt i ulike djupnelag annankvar veke. Overflatetemperaturen er typisk ca 5 °C om vinteren og 18 °C om sommaren.[1] Saltnivået er høgst om vinteren grunna lite nedbør og avrenning av ferskvatn, og vekslar i overflata mellom 28[2] og 32[3]. I atlantiske lag under 150 meter er temperaturen konstant kring 7-8 °C og saliniteten er 35.

Målte temperaturar og saltinnhald ved 1 meter djupn og 150 meter dei siste åra fordelar seg slik:[4]

Måleverdi 1935 1940 1945 1950 1955 1960 1965 1970 1975 1980 1985 1990 1995 2000 2005 2010
Januar
Temp i °C 1 meter 6,0 5,7 6,5 7,0 5,4 7,0 5,5 6,0 6,1 4,8 5,7 5,8 6,3 6,7 6,4 6,2
Temp i °C 150 meter 8,2 8,4 7,9 8,1 8,0 8,6 7,9 7,7 7,9 7,5 7,6 8,5 7,7 8,5 8,7 8,5
Salinitet 1 meter 33,3 33,1 32,3 32,8 31,8 33,5 33,4 33,3 32,5 32,2 31,5 31,7 33,1 32,3 30,0 32,2
Salinitet 150 meter 35,1 35,1 35,0 35,0 35,0 35,0 35,0 35,0 35,0 34,8 34,9 35,0 34,8 35,0 35,0 35,0
Juli
Temp i °C 1 meter 16,2 16,8 12,7 15,5 14,6 14,2 11,8 13,0 13,2 13,3 14,5 13,2 14,8 11,5 15,4 12,7
Temp i °C 150 meter 8,3 6,4 6,9 6,9 6,4 6,6 7,1 5,5 7,5 6,7 6,5 7,7 6,8 7,1 7,8 7,2
Salinitet 1 meter 22,0 19,0 18,5 26,0 27,2 25,0 29,2 29,2 26,2 31,9 28,8 29,1 35,9 28,8 24,0 33,7
Salinitet 150 meter 35,1 35,0 35,0 35,0 35,0 34,9 35,0 34,8 35,0 35,0 35,0 35,0 34,9 35,0 35,1 35,1

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Fast hydrografisk stasjon Sognesjøen - Havforskningsinstituttet. Vitja 11. november 2010.
  2. Sognesjøen - måling 10.juli 2010 - Havforskningsinstituttet.
  3. Sognesjøen - måling 2.januar 2010 - Havforskningsinstituttet.
  4. Sognefjorden - Havforskningsinstituttets datatjeneste, meny til venstre.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]