Sognevannet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sognevannet eller Sognevatnet (skrivemåten er omstridd, innbyggjarane i bygda skriv Sognevannet, medan Kartverket gjerne skriv Sognevatnet) er ein mindre, tidlegare regulert innsjø som ligg sentralt i Strømsoddbygda, nord for Sokna i Soknedalen, i Ringerike kommune. I nord har Strømsoddelva utløp i innsjøen, og frå nordaust renn Lysåa ut i Sognevannet litt nord for midten av det. Ved Sognevassdammen i sør startar elva Sogna, som har utløp nord i Tyrifjorden.

Rundt Sognevannet er det ei rekke fine bade- og fiskeplassar. I nordenden ligg plassen Understryk, der folk har bada og overnatta i hundreår.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]