Sogna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sogna flaumstor i juli 2007 ved Tranby

Sogna er ei lita elv som startar ved utløpet av innsjøen Sognevannet i Strømsoddbygda, øvst i Soknedalen i Ringerike kommune. I dag er vassføringa liten og ikkje regulert, men i tidlegare tider var Soknavassdraget viktig for tømmerfløytinga, som lokalt vert kalla «brøtning».

Strømsoddbygdvassdraget omfattar ei rekke småvatn og dei mindre elvane Buvasselva (elvestrekninga mellom Buvatnet og Frisvatnet), Frisvasselva, Sandvasselva (elvestrekninga mellom Sandvannet og der elva møter Frisvasselva), Strømsoddelva (oppstår der Frisvasselva og Sandvasselva renn i hop og renn ut nord i Sognevannet) og Kollsjøvassdraget (vass- og elvestrekningene frå Blankvann ned til Sognevannet).

Frå Sognevannet, som var regulert, renn Sogna ned mot Sokna. Sognevassdammen vart riven i 1985.[1] Ved Sokna renn Verkenselva frå Rudsvassdraget saman med Sogna som held fram langs dalbotn i Soknedalen, der fleire småelvar renn ut på vegen, ned til utløpet i nord i Nordfjorden i Tyrifjorden. Ved utløpet (i deltasonen) ligg òg det internasjonalt viktige våtmarksområdet Karlsrudtangen naturvernreservat, som er eit såkalla ramsarområde.

Badeplassar[endre | endre wikiteksten]

Sogna er sommerstid ei svært populær badeelv, der det på godværsdagar gjerne yrer av liv langs elvebreidda. Den kanskje mest populære badeplassen er Heiern (òg kalla Heiernstranda lokalt), om lag 6 km frå Hønefoss langs riksveg 7 mot Hallingdal, men det er òg ei rekke andre badeplassar langs elva. I så måte finst det ein flott badeplass ved både Tranby, Kvernvollen på Veme og ved Sørgefoss (den siste langs Sandakerveien mellom Sandaker bru og Ask).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ringerikes Blad 25. mars 1985