Solastranda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Solastranda

Solastranda er ei 2,3 km lang sandstrand i Sola kommune. Stranda ligg like ved Sola flyplass og Solastranden golfbane. Stranda er eit særs populært utfartsområde for innbyggjarane på Nord-Jæren. Ho er langgrunn og har gode forhold for brettseglarar. Femina.no har kåra stranda til den vakraste i Noreg[1] og Sunday Times har kåra ho til den sjette beste i verda[2].

Sola Brettseilerforening held til på Solastranda og arrangerer her NM kvart år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]