Sand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg sand (fleirtyding)
Bølgemønster i sand.
Sandstrand sør på Jæren. Foto: Gunleiv Hadland.

Sand er ei samling små partiklar av finmalen stein og bergartar. Sand finn ein gjerne der vatn eller vind tærer på grunnfjellet, samstundes med at mykje rørsle i landskapet hindrar danning av eit jordsmonn. Strender og ørkenar er stader der ein gjerne finn sand.

Ein definisjon på sandkorn seier at dei har ein diameter på mellom 0,002 og 2 mm. Større partiklar gjev grus medan mindre gjev silt.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Sand blir lett flytta av vind og vatn, og kan slik danna vandrande sanddyner og bølgeformer i terrenget. Når materialet er avleira av vatn (strandsand, elvesand) eller vind (sanddyner) er det gjerne rein sand, medan sand avleira av is (sandmorene, bakkesand) gjerne er blanda.

Slitte sandpartiklar bind seg dårleg til kvarandre og er lause å gå i. Desse kan lett løftast av vinden og skapa ein sandstorm. Nyare sandpartiklar har skarpare kantar som gjer at dei kan pakkast saman til fastare material. Samanpressa sand dannar sandstein.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Ein kan nytte sand smelta i svært høg varme, som råstoff når ein lagar glas. I naturleg tilstand kan ein bruka sand til å laga skulpturar av alle typar, især sandslott.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sand