Sollentuna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sollentuna kommunehus

Sollentuna er ein svensk tettstad og ein del av tettstaden Stockholm. Det ligg i landskapet Uppland i Stockholms län. Det er administrasjonssenteret for Sollentuna kommun.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første spora etter menneske i Sollentuna er funn av steinøks som blir datert til 3000-talet f.Kr og ein gong på 500-talet f.Kr. kom dei første permanente busetjingane.

På slutten av 1800-talet var Sollentuna ein jordbruksbygd der størstedelen av folkesetnaden på rundt 1 150 menneske var engsjert i jord- og skogbruk. Markene til bygda og gardar var i stor grad ått av familien Rudbeck. Samfunnet vart endra då samferdselen og kommunikasjonane vart betre, mellom anna då den nordlege jarnbana («norra stambanan») blei bygd gjennom Sollentuna. Den første jernbanestasjonen vart ferdigstilt i Rotebro i 1866. Ein mindre haldeplass for toga vart òg bygd i Tureberg og vidareutviklet til stasjon i 1900. Sjølv arbeidet vart endra då fleire fabrikkar vart etablert i Sollentuna, mellom anna ein fabrikk for produksjon av sprengstoff og ein annan, Jästbolaget, som framstilte gjær.

I løpet av byrjinga av 1900-talet vart dei gamle herregardane sine jordbruksområde stykka opp og selt som einebustadtomter. Mellom 1906 og 1910 vart det bygd 114 einebustader i området Norrviken, som førte til at denne delen av kommunen fekk sin eigen jernbanestasjon. Same utvikling skjedde i Rotebro og Tureberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]