Solskinsmålar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Solskinsmålar, solskinsautograf eller solskinsregistrator er eit instrument som nedteikner kor lenge solskinet varer. Den tradisjonelle solskinsmålar utvikla på 1800-talet av britane Campbell og Stokes er ei glaskule som samlar sollyset slik at det brenn spor i eit papir med tidsskala. Ein kan lese av den tid solstrålene har vore sterke nok til å svi papiret. Solskin som er svekka av tynne skyer eller forureina luft, vil ofte ikkje bli registrert på denne måten sjølv som solskiva kan sjåast. I dag nyttar ein ofte metodar basert på lysceller og elektroniske registreringar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]