Solur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit solur på ein vegg i Warszawa. Den svarte pilen er den markante skuggen av den stuttare pilen i gyllent metall. Fotografiet vart teke då skuggen fell på den staden på skalaen som syner at klokka er ti minutt over tre.
Døme på eit solur
Torget i Trondheim vart utforma som eit solur der skuggen av Olav Tryggvason-monumentet markerte tida på ein sirkulær skala kring monumentet, slik det går fram av dette fotografiet frå 1960-talet.
Eit presisjonssolur i Bütgenbach i Belgia har ein presisjon på ±30 sekund)

Solur eller solarium er ei klokke (tidsmætar) som verker ved at skuggen som vert kasta av ein markør på ein skala gjer det mogleg å finne fram til klokkeslettet, altså kva tid på dagen det er, i tillegg til solhøgda. Soluret kan såleis berre nyttast når sola skin. Uret måler bogevinkelen til sola og deler opp gradetalet i 24 timer i døgeret. Ved sann soltid er klokka 12.00 kvar dag i det same sola står høgst på himmelkvelven. I og med at sola ikkje går likt over himmelkvelven frå dag til dag heile året, vert soltida ikkje heilt jamn og samanfallande med den tida som vert målt med moderne klokker. Men då skilnaden ikkje er meir enn maksimalt ± 16 minutt i året, er dette ikkje av dei største ulempene ved å nytte soluret i det daglege.

Eit anna namn på solur er gnomon og kunsten å lage solur vert kalla gnomonikk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]