Solvytsjegodsk
| Solvytsjegodsk | |||
| Сольвычегодск | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Arkhangelsk oblast | ||
| Areal | 8 km² | ||
| Folketal | 1 768 (2025)[1] | ||
| Grunnlagd | 1300-talet | ||
| • Bystatus | 1796 | ||
| Retningsnummer | +7 81837 | ||
| Bilnummer | 29 | ||
![]() Solvytsjegodsk 61°20′00″N 46°55′00″E / 61.333333333333°N 46.916666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Solvychegodsk | |||
Solvytsjegodsk (russisk Сольвычегодск, tyder «Salt på Vytsjegda-elva») er ein by i den sørlege delen av Arkhangelsk oblast i Russland med om lag 2 000 innbyggjarar. Byen ligg på høgre breidda av elva Vytsjegda, rundt 25 km nordaust for Kotlas.
Solvytsjegodsk vart grunnlagd på 1300-talet ved breidda av Soljanojesjøen. Byen vart kalla Usolsk på 1400-talet. Han var frå tidleg på 1500-talet heimstad for Stroganov-familien som pleidde å eige det lokale saltverket. På 1500- og 1600-talet var Solvytsjegodsk eit stort, kommersielt senter for handverk og kultur i det nordlege Russland og var særskild kjend for emaljeindustrien. Byen var òg kjend som ein stad for politisk eksil. I 1796 vart byen ein del av Vologda gubernija. I 1937 vart Solvytsjegodsk overført til Arkhangelsk oblast.
Byen er heimstad for mange balneologiske kurstader, som nyttar mineralkjelder og siltmudder frå Soljanojesjøen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2025 года (på russisk), Moskva: Rosstat, 25. april 2025, Wikidata Q133797648, arkivert frå originalen 26 April 2026
- Delar av denne artikkelen bygger på «Solvytsjegodsk» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2009.
