Narjan-Mar
Narjan-Mar | |||
Нарьян-Мар | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Føderasjonssubjekt | Nenetsia | ||
Areal | 24 km² | ||
Folketal | 24 056 (1. januar 2025) | ||
Grunnlagd | 1929 | ||
• Bystatus | 1935 | ||
Retningsnummer | +7 81853 | ||
Bilnummer | 83 | ||
![]() Narjan-Mar 67°38′16″N 53°00′24″E / 67.637777777778°N 53.006666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Naryan-Mar |
Narjan-Mar (russisk Нарьян-Мар) er ein by i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar og hovudstad i det autonome distriktet Nenetsia. Byen ligg ved elva Petsjora, 119 km frå Barentshavet. Byen har hamn for havgåande skip. Namnet tyder «raud by» på nenetsisk. Han fekk bystatus den 10. mars 1935, seks år etter grunnlegginga av byen og Nenetsia (1929).
Utvikling av folketalet
[endre | endre wikiteksten]År | Folketal |
---|---|
1958 | 11 400 |
1997 | 17 000 |
2000 | 18 500 |
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]
Byen har ei viktig hamn, for trafikken frå Petsjora og ut i ope hav, og ein flyplass, for trafikk med rutefly til og frå Arkhangelsk og Moskva, og med små dobbeldekkarar ut på vidda. Byen er eit viktig senter for fiskeria, dei har fiske- og sagbruksindustri, og eit slakteri for rein. Nenetsia har fleire rike oljefunn, og både russiske og vestlege oljeselskap har verksemd i Narjan-Mar.
Historia
[endre | endre wikiteksten]Narjan-Mar vart grunnlagt som administrativt senter for det autonome området i 1932, og fekk bystatus i 1935. I Sovjettida var byen lukka område. Etter sovjettida har Narjan-Mar fått ei meir internasjonal rolle, m.a. som administrativt senter for ein av medlemsregionane i Barentsregionen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2025) |