Hopp til innhald

Sålåsundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Solåsundet)
Satellittbilete av Tustna med Sålåsundet i midten. (Kjelde: NASA)

Sålåsundet (avvikande skriveformer Solåsundet, Soleimsundet eller Solemsundet) er sundet mellom øyane Tustna og Stabblandet i Aure kommuneNordmøre. I nord munnar sundet ut i Edøyfjorden og i sør i Vinjefjorden. Same geologiske renna fortset sørom Vinjefjorden i Skålvikfjorden i Halsa kommune.