Skålvikfjorden
Utsjånad
| Skålvikfjorden | |||
| fjord | |||
Skålvikfjorden sett frå Tussan. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Trøndelag | ||
| Kommune | Heim | ||
![]() Skålvikfjorden 63°06′26″N 8°17′51″E / 63.107185°N 8.29742389°E | |||
Skålvikfjorden er ein fjordarm av Vinjefjorden i Heim kommune i Trøndelag. Skålvikfjorden strekkjer 9,5 km sørover til Betna. Den same geologiske renna fortset nordom Vinjefjorden i Solåsundet i Aure kommune.
Fjorden har innløp ved Korsneset i vest og Steinstien i aust. Den ytre delen av fjorden er berre om lag 400-500 meter brei, før han vidar seg ut ved grenda Vågland, som ligg på austsida. Innanfor Vågland ligg bygda Liabøen
Betna ligg inst i Betnvågen på vestsida av fjordbotnen. Reitvågen ligg på andre sida, like aust for bygda Halsa.
