Hopp til innhald

Song.Null.Zwei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Song.Null.Zwei (tysk for Song.Null.To) var ei austerisk musikktevling som vart send 1. mars 2002 på Österreichischer Rundfunk. Tevlinga vart brukt for å finne det austerrikske bidraget til Eurovision Song Contest 2002 i Tallinn i Estland, og var den fyrste austerrikske uttakinga sidan 1994. Ti bidrag deltok i tevlinga, som vart send fra eit fjernsynsstudio i Wien, og leia av Andi Knoll.

# Song Artist Språk Poeng Plass
01 «On A Day In June» The Shepherds Engelsk 00 08
02 «Das schönste Ding der Welt» Stermann & Grissemann Tysk 09 02
03 «Love Can Change Your Heart» Ela Engelsk 03 06
04 «Supadupa» Hartmann Tysk 00 08
05 «SMS4Love» Hevenless7 Engelsk 01 07
06 «Bluama in da Scherba» Bluatschink Tysk 08 03
07 «Say A Word» Manuel Ortega Engelsk 10 01
08 «Won't Forget Tonight» Loud9 Engelsk 08 03
09 «Güle güle» Kubilay Bas Tysk 00 08
10 «Be Somebody, Be Someone» Anik Kadinski Engelsk 06 05

I Eurovision

[endre | endre wikiteksten]

Bidraget enda på 18. plass med 26. poeng i Eurovision Song Contest 2002; tolv frå Tyrkia, sju frå Sveits, fem frå Belgia og eitt frå Kypros og Russland.