Song for Guy
| Song for Guy Singel av Elton John frå albumet A Single Man | ||
| B-side |
«Lovesick» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 28. november 1978 (UK) Mars 1979 (U.S.) | |
| Sjanger | Easy listening | |
| Lengd | 5:02 (singel) 6:34 (album) | |
| Selskap | MCA (US/Canada) Rocket Records | |
| Komponist | Elton John | |
| Tekstforfattar | Elton John | |
| Låtskrivar(ar) | Elton John | |
| Elton John-kronologi | ||
| «Part-Time Love» (1978) |
Song for Guy | «Are You Ready for Love» (1979)
|
«Song for Guy» er eit nesten instrumentalt musikkstykke av Elton John. Det er den siste songen på albumet hans A Single Man frå 1978.
Elton John sa sjølv dette om singel i plateomslaget:
«...Eg skreiv denne songen ein sundag, og såg for meg meg sjølv flyte ut i rommet og sjå ned på min eigen kropp. Eg førestilte meg sjølv døy. Med desse tankane i meg skreiv eg denne songen om døden. Dagen etter fekk eg vite at Guy (Burchett), vår 17 år gamle bodbringar, hadde omkomme i ei motorsykkelulukke dagen før. Guy døydde den dagen eg skreiv denne songen.»[1]
Songen er bygd opp av piano, ein trommemaskin og synthesizerar. Mot slutten av songen syng Elton John «Life, isn't everything» fleire gonger.
Singelen nådde fjerdeplassen i Storbritannia. Han vart ikkje gjeven ut i USA før mars 1979 og nådde då berre 110. plass.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Song for Guy» frå Wikipedia på engelsk, den 23. november 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: