Songen Adieu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Adieu» er ein song som vann Melodi Grand Prix 1982 og var norsk bidrag i Eurovision Song Contest 1982. Songen er sungen på norsk av Jahn Teigen og Anita Skorgan. Jahn Teigen skreiv melodien, medan Herodes Falsk skreiv teksten.

Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

Allereie i 1978 blei NRK kontakta av den britiske professoren René Hérail som tilbaud seg å lage ein «euro-slager» basert på logaritmar og datautrekningar.[1] Dette resulterte i songen «Adieu» som vann den norske finalen klart, fekk ein moderat suksess og låg på VG-lista i fem veker.[2][3] Norsk presse var positiv og kalla songen passande nok for ein «velkalkulert slager».[4]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Adieu» blei framført som tredje bidrag i Eurovison Song Contest 24. april 1982, etter Luxembourgs Svetlana med «Cours après le temps» og før Storbritannias Bardo med «One Step Further». Då røystinga var over, hadde songen fått 40 poeng og ein 12. plass.[5]

Songen er ein ballade, kor duoen spelar rolla som kjærestar som endar eit forhold. Dei lovar å vere vener, sjølv om dei ikkje lenger er i saman. Jahn Teigen og Anita Skorgan spelte også inn «Adieu» på singelen RCA Victor PB 9851.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kom inn!». Norsk rikskringkasting. 12. september 1981. Vitja 25. juli 2016.
  2. «VG-lista for 'Adieu'». VG. Vitja 25. juli 2016.
  3. Marcussen, Tor (20. mars 1982). «Norge satser høyt i Grand Prix». Aftenposten. s. 23.
  4. Marcussen, Tor (22. mars 1981). «Seier for velkalkulert slager». Aftenposten. s. 52.
  5. Eurovision Song Contest 1982