Songyuan
Utsjånad
| Songyuan | |||
| byprefektur | |||
Gågate i byen Songyuan | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Provins | Jilin | ||
| Areal | 21 169,77 km² | ||
| Folketal | 2 750 000 (2018) | ||
![]() Songyuan 45°08′20″N 124°48′29″E / 45.1388°N 124.808°E | |||
| Wikimedia Commons: Songyuan | |||
Songyuan (kinesisk skrift 松原, pinyin Sōngyuán) er eit byprefektur i provinsen Jilin i Kina. Prefekturet har eit areal på 20 159 km², folketalet er sist berekna til 2,9 millionar. Songyuan grensar i nord til provinsen Heilongjiang og i sørvest til Indre Mongolia.
Byprefekturet Songyuan omfattar eit distrikt (区 qū), tre fylke (县 xiàn) og eit autonomt fylke.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen Songyuan voks fram i byrjinga av 1900-talet, i åmotet mellom dei to elvane Songhua og Nen.
Næring
[endre | endre wikiteksten]Eit av dei største oljefelta i Kina ligg i byprefekturet. Det vert dyrka mykje mais og gras her.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Songyuan er eit knutepunkt for samferdsla i denne delen av Nordaust-Kina. Fem jarnvegar går gjennom byprefekturet og seks nasjonale eller regionale hovudvegar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Songyuan» frå Wikipedia på bokmål, den 28. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Songyuan» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2012.

