Mais

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mais


Zea mays - Köhler–s Medizinal-Pflanzen-283.jpg

Systematikk
Rike: Plantar
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Liliopsida
Orden: Poales
Familie: Poaceae
Slekt: Zea
Vitskapleg namn
Zea mays

Mais (Zea mays L.) er ein eittårig plante, opp til 6 m høgt kornslag i grasfamilien.

Mais er verdens største kornart med ein produksjon på 1021 millionar tonn (2014), ein vekst på 400 millionar sidan 2000. Mais utgjer med dette 40% av den samla kornforsyninga i verda.

Ulike maiskolbar i Peru.

Botanikk[endre | endre wikiteksten]

Mais (Zea mays L.) er ein diploid art med 10 par kromosom. Maisgenomet kan variere mykje mellom individ og etter geografisk opphav. Desse variasjonane er truleg grunnlaget for dei sterke heterosis-effektane som er blitt nytta i planteforedlinga sidan 1920-talet[1]. Såkalla hybridsortar er meir produktive og saman med genmodifisering gjer dei foredlinga av mais svært lønsam. Genmodifiserte sortar er dyrka på minst 90% av USAs maisareal. Det gjeld sortar med resistens mot ugrasmiddel som RoundUp, såkalla «Round-Up Ready», RR. Vidare er det såkalla Bt-resistens mot insekt som stengelborar, rotmakk eller begge.

Agronomi[endre | endre wikiteksten]

Mais blir radsådd, som enkeltkorn. Mais spirer og veks best i varmt tempererte til tropiske klima, og tilpassing til kjølegare nordeuropeiske klima kom først i gang etter andre verdskrigen. Moderne sortar har til vanleg bare eitt strå, men frå stengelen veks det fram 1-3 sidegreiner, som blir til kolbar (sjå bilete) med rekker av hokjønna blomster- og frøanlegg. Blomstringa er lett synleg som såkalla «silks», dei lange arra kjem fram, eitt pr frø. Hanblomane er ein forgreina blomsterstand i toppen av strået,  på engelsk «tassel». Mais er ein kryssbefruktar som i hovudsak blir pollinert av andre planter. Sjølvbefrukting blir unngått ved at ho-blom (silking) som oftast kjem 3-5 dagar før hanblom (tasseling).  På dette tidspunktet er tradisjonell mais svært kjensleg for tørkestress, som kan forsinke pollineringa og gi dårleg frøsetting. Sortane er blitt vesentleg meir tolerante dei siste tiåra, bl.a. fordi intervallet mellom ho- og hanblom er blitt kortare[2]. Moderne hybridsortar toler tre gonger så tett planting som for 100 år sidan. Lengda på strået er også meir enn halvert.

Opphav og historie[endre | endre wikiteksten]

Mais er ein dyrka (domestisert) form av den ville teosinte (Zea mays ssp. parviglumis). Molekylær og arkeologisk datering peikar begge mot at dei skilde lag for 8000-9000 år sidan og at mais stammar frå Mexico [3]. Skilnadene mellom dyrka mais og vill teosinte er så påfallande store, at dette opphavet vart avvist på 1900-talet. Den molekylære genetikken har likevel slått fast at eit fåtal på 3-5 mutasjonar er nok til å «forvandle» teosinte til mais(9). Likevel hende mutasjonane neppe samtidig, og dei eldste bevarte kolbane er 3-5 cm lange og har få rader med frø. Det er også store kvantitative variasjon i mais, både i kolbar, plantehøgd, klimatilpassing og avling som har tredd fram gradvis ettersom maisen blei dyrka lenger og lenger sør og nord i Amerika. Avgjerande for dette var at spesielt flintmais endra seg frå ei kortdagsplante til ei dagnøytral plante som kunne blomstre og sette frø i lange dagar i nord[4]. Den karibiske maisen som Columbus tok til Europa i 1493, var truleg bare eigna lengst sør i Spania. Seinare innførsler av tidleg flintmais frå Nord-Amerika var avgjerande for etableringa i Sør- og Mellom-Europa, i Middelhavslanda og via Egypt til Aust-Afrika. Tropisk mais frå Sør-Amerika kom til Afrika kring 1540 via Kapp Verde som del av slavehandelen. Mais kom til Indonesia alt i 1496 og til Kina i 1516[5].

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Mais førekjem i ulike «rasar», basert i hovudsak på kor hardt kornet er. Dette avgjer brukseigenskapane til kornet. Det gjeld også fargen på frøskalet:

Flint mais er rund til dropeforma, med hard og glasaktig endosperm, som gjer den tung å male. Det er ofte litt mjuk stivelse innerst. Den var den vanlegaste maisen i Nord-Amerika i eldre tid.

Pop corn er ein spesielt hard type flint. Med mindre frø og tettare pakking vil vatnet i den mjuke stivelsen inst bli ein slags trykk-kokar som eksploderer (“”gelatiniserer”)  når vatnet kokar. Dampen vil føre til at kornet ekstruderer eller “poppar”.

Floury (mjølen) mais er det motsette av flint med ein mjuk tekstur og tynt frøskal. Frøa er lettare å male. Av den grunn er dei den tradisjonelle maisen til å male mjøl til tortillas, corn chips (“nachos”) etc. Fargen er til vanleg kvit, men blå mais er også tradisjonelt verdsett.

Dent mais er hard ytst, men med ein mjuk kjerne som når den tørka får eit innsøkk, liksom ei tann. Dette er hovudtypen av mais i dag. Fargen til dyrefôr er oftast gul, til mat kvit.

Sukkermais var vel kjend for amerikanske indianarar. Syntesen av stivelsen er nedsett, så korna i staden samlar opp sukker. Den er derfor ein grønsak.

Waxy mais har ein voksaktig endosperm pga endra samansetting av stivelsen (nær 100% amylopektin). Denne rasen stammar frå Kina og er der brukt som mat, men har i dag ein vid industriell bruk.

Mais er i hovudsak eit fôrkorn. Mykje går og til industriell bruk, og dei siste 15 åra til bioetanol. I 2015/16 gjekk 52% av all mais til dyrefôr, 29 % til industri (inkludert bioetanol) og 18% til mat.

Produksjon og bruk[endre | endre wikiteksten]

Mais har alltid vore hovudkornet til mat i mykje av Sør- og Mellomamerika.  I løpet av dei siste 200 åra har den fått same plassen i Afrika. Eit særdrag ved mais  er at den er både eit korn og ein grønsak. Etter så lite som 50 dagars veksttid, kan umogne kolbar frå tidlege sortar bli til mat i knipa (“the hungry period” ) når forrige års avling er slutt og årets enno ikkje hausta. 

Sjølv om mais er ein viktig del av kjøkkenet i Sørstatane I USA, går berre 2.5% til mat. Amerikanaren får likevel i seg mais mange gonger til dagen. Den inngår i minst 4000 vanlege matvarer i ein supermarknad, som maisolje, som mais sirup, som stivelse modifisert til tykningsmiddel osb.

Mais kan ha mange fargar i frøskalet, i aleuronlaget kring endospermen eller I sjølve endospermen. Der mais er brukt til mat, er fargen helst kvit. Blå eller brun mais er også akseptert, medan aldri gul. Den er berre til dyrefôr[6].

I USA, Canada, Australia og New Zealand heiter kornet corn, elles i verda mais. “Korn” betyr til vanleg det viktigaste kornslaget.

USA er verdas suverent største maisprodusent. Meir enn ein tredel, så kjem Kina og  Brasil – sjå tabellen.

Dei ti største maisproduserande landa i 2013
Land Produksjon i tonn
USA 353 699 441
Kina 217 730 000
Brasil 80 516 571
Argentina 32 119 211
Ukraina 30 949 550
India 23 290 000
Mexico 22 663 953
Indonesia 18 511 853
Frankrike 15 053 100
Sør-Afrika 12 365 000

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørnstad, Åsmund (2012) Vårt daglege brød. Vidarforlaget Oslo
  • Fussel, Betty (2007) The Story of Corn. University og New Mexico Press

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen som har med mat å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  1. {{{forfattar}}} ({{{utgjevingsår}}}) «{{{tittel}}}» – {{{publikasjon}}}.
  2. {{{forfattar}}} ({{{utgjevingsår}}}) «{{{tittel}}}» – {{{publikasjon}}}.
  3. {{{forfattar}}} ({{{utgjevingsår}}}) «{{{tittel}}}» – {{{publikasjon}}}.
  4. {{{forfattar}}} ({{{utgjevingsår}}}) «{{{tittel}}}» – {{{publikasjon}}}.
  5. {{{forfattar}}} ({{{utgjevingsår}}}) «{{{tittel}}}» – {{{publikasjon}}}.
  6. Anonym ({{{utgjeve}}}) {{{tittel}}} – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.