Sony α7

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sony α7 utan kameralinse

Sony α7 er eit spegellaust systemkamera lansert 16. oktober 2013 av Sony. Det har ei CMOS-biletbrikke i 35 mm-format med ei oppløysing på 24,3 megapikslar. I lag med α7R er det det fyrste spegellause systemkameraet for forbrukarar med 35 millimeter-sensor.

Kameraet kan ta 5 bilete per sekund. Det kan òg ta opp video med ei oppløysing på 1920 × 1080 pikslar og ein biletfrekvens på 60 bilete per sekund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kameraartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.