Sony α7S

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sony α7R med eit 55 mm-objektiv

Sony α7S er eit spegellaust systemkamera lansert 6. april 2014 av Sony. Det har ei CMOS-biletbrikke i 35 mm-format med ei oppløysing på 12,2 megapikslar.

Kameraet kan ta 5 bilete per sekund. Det kan òg ta opp video med 4K-oppløysing og ein biletfrekvens på 30 bilete per sekund med ein ekstern opptakar. På minnekortet kan det ta opp video med ei oppløysing på 1920 × 1080 pikslar og ein biletfrekvens på 60 bilete per sekund For bilete og video har det ein høgste ISO-verdi på 409 600. For bilete er den lægste ISO-verdien 50 mot 200 for video.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kameraartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.