Sophie Scholl – Die letzten Tage
Regi | Marc Rothemund | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | Fred Breinersdorfer, Christoph Müller, Marc Rothemund, Sven Burgemeister | ||
Manus | Fred Breinersdorfer | ||
Medverkande | Julia Jentsch, Fabian Hinrichs, Alexander Held, Florian Stetter, André Hennicke, Johanna Gastdorf, Maximilian Brückner, Jörg Hube, Johannes Suhm, Petra Kelling, Franz Staber, Wolfgang Pregler, Johannes Herrschmann | ||
Klipp | Hans Funck | ||
Musikk | Reinhold Heil, Johnny Klimek | ||
Sjeffotograf | Martin Langer | ||
Produksjonsselskap | Goldkind Film, Broth Film, Bayerischer Rundfunk, Südwestrundfunk, Arte | ||
Utgjevingsdato | 13. februar 2005,[1] 24. februar 2005 (Tyskland),[2] 2005 | ||
Lengd | 116 minutt | ||
Opphavsland | Tyskland | ||
Språk | tysk | ||
Sjanger | biografisk film, dramafilm |
Sophie Scholl – Die letzten Tage (på norsk Sophie Scholls siste dager) er ein tysk film regissert av Marc Rothemund, med Julia Jentsch i hovudrolla som Sophie Scholl. Scholl var medlem av den antinazistiske gruppa Den kvite rosa under Den andre verdskrigen.
Prisar
[endre | endre wikiteksten]Under filmfestivalen i Berlin fekk regissør Marc Rothemund sølvbjørnen for beste regissør, medan Julia Jentsch fekk sølvbjørnen for beste skodespelar. Filmen var nominert til Oscar-utdelinga i 2005 for beste utanlandske film.
Handling
[endre | endre wikiteksten]Filmen fortel om dei siste levedagane til Sophie Scholl, frå ho blir arrestert saman med broren Hans 18. februar 1943 i Ludwig-Maximilians-universitetet i München, for å ha delt ut pamflettar, til ho blir avretta med giljotin 22. februar. Avhøyra av ho blir vist, i tillegg til rettssaka mot ho og dei to andre tiltalte.
Filmen er ei detaljtru attgjeving av den faktiske historia, og grundig forsking ligg til grunn for filmen. Stor vekt er lagt på å gjenskape autentiske kulissar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Freebase Data Dumps, Google, Wikidata Q15241312
- ↑ http://www.kinokalender.com/film5018_sophie-scholl-die-letzten-tage.html; vitjingsdato: 24. desember 2017.