Den kvite rosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Minnesmerke for Den kvite rosa, framfor Ludwig-Maximilians-Universität

Den kvite rosa (tysk Die Weiße Rose) var ei ikkjevaldeleg motstandsgruppe i Tyskland under andre verdskrigen. Frå juni 1942 gav ho ut seks flygeblad som oppmoda det tyske folket til å motarbeide det nazistiske regimet. Gruppa vart avdekt av Gestapo den 18. februar 1943, og alle medlemene vart drepne før slutten av året.

Byrjinga[endre | endre wikiteksten]

Gruppa vart stifta av fem unge kristne studentar ved Ludwig-Maximilians-Universität i München — syskena Sophie Scholl og Hans Scholl, Alexander Schmorell, Willi Graf, og Christoph Probst — og professoren deira, Kurt Huber. Dei var påverka av den tyske ungdomsrørsla, der Hans Scholl og Christoph Probst var medlemer. Mange grunnar låg bak skipinga av gruppa. Medlemene avviste fascisme og militarisme, og trudde på eit føderalt Europa bygd på rettferd og toleranse. Dei var harme på korleis den nazistiske staten handsama jødar og politiske motstandarar. I tillegg hadde nokre av dei kjempa i den tyske hæren, og sett grufulle ugjerningar og massemord mot vanlege folk, særleg i Polen og Russland, noko som fekk dei til å byrja med ei motstandsgruppe då dei kom attende til Tyskland. Nokre av dei var òg svært påverka av kristen tru. Sophie og Hans Scholl, til dømes, vart overtydde av katolsk tenking, medan Alex Schmorell, som hadde russisk mor, var truande russisk ortodoks kristen.

Flygeblada[endre | endre wikiteksten]

Gruppa gav ut i alt seks flygeblad. Eit sjuande, skrive av Christoph Probst, vart funne av Gestapo som utsletta alle kopiar. Flygeblada var retta mot intelligentsiaen, og siterte Bibelen, Aristoteles, Novalis, Goethe og Schiller. Dei fyrste fire vart skrivne mellom slutten av juni og midten av juli i 1942, av Schmorell og Hans Scholl som nyleg var komne heimatt frå krigen. Flygeblada var sende anonymt gjennom posten til dei intellektuelle i byar i Bayern og Austerrike, av di gruppa meinte at folk i det katolske Sør-Tyskland ville lyda til bodskapen deira.

I juli 1942 var dei mannlege medlemene i gruppa sende til krigen i semesterferien. Dei kom heimatt i haust 1942, og skreiv det femte flygebladet, under tittelen «Påkalling til alle tyskarar». Dette flygebladet vart skrive av Hans Scholl, og omarbeidd av Huber. Flygebladet sa at Hitler sin veg ville øydeleggja Tyskland, som var på veg til å tapa krigen. Lesarane vart oppmoda til å støtta motstandsrørsla, særleg i striden for ytringsfridom, trusfridom, og verning av vanleg menneske mot kriminelt diktatur. På slike prinsipp, sa flygebladet, ville det nye Europa verta bygd.

Etter tapet i slaget ved Stalingrad kom det sjette flygebladet, skrive av Huber i februar 1943. Flygebladet var retta mot studentar, og føresåg slutten av «det meste avskyelege tyranniet» det tyske folket hadde opplevd. Studentar hadde eit ansvar for å hjelpa til med å knusa det nazistiske tyranniet, liksom dei hadde gjort i kampen mot Napoleon i 1813. «Stalingrad sine daude bønfell oss!» stod det mellom anna.

Arrest og drap[endre | endre wikiteksten]

Den 18. februar 1943 såg vaktmeisteren Jakob Schmied Scholl-syskena medan dei fordelte kopiar av det siste flygebladet. Gestapo vart fortalt om dette og alle medlemene i gruppa vart arresterte. Scholl-syskena og Probst vart dømde til døden den 22. februar av Folkedomstolen, og giljotinert den same dagen. Schmorell og Huber vart giljotinert den 13. juli og Graf den 12. oktober i det same året. Nokre vener som hadde hjelpt dei gje ut flygeblada vart dømde til fengsel i mellom seks månader og ti år.

I dag er Den kvite rosa sedd på som eit symbol for motstand mot tyranni. Det finst eit minnemerke for dei utanfor Ludwig-Maximilians-Universität, og fleire plassar i universitet er oppattkalla etter medlemer i gruppa. Det finst også andre gater, skular og plassar over heile Tyskland som er oppattkalla til ære for dei.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Flygeblada gjevne ut av Den kvite rosa (på tysk og engelsk)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]