Hopp til innhald

Soraya Sáenz de Santamaría

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Soraya Sáenz de Santamaría

Fødd10. juni 1971 (53 år)
Valladolid
Statsborgar avSpania
Yrkepolitikar, State lawyer, universitetslærar
InstitusjonarUniversidad Carlos III de Madrid
Spanish Council of State
Utdanna vedUniversidad de Valladolid
MedlemCuerpo de Abogados del Estado
Spanish Council of State
Alle verv
  • Spanias visestatsminister (2011–2018)
  • medlem av Spanias deputertkammer (2004–2008)
  • medlem av Spanias deputertkammer (2008–2011)
  • medlem av Spanias deputertkammer (2011–2016)
  • medlem av Spanias deputertkammer (2016–2016)
  • medlem av Spanias deputertkammer (2016–)
  • den spanske regjeringens talsmann (2011–2016)
  • ministro de la Presidencia y para las Administraciones Territoriales (2016–2018)
  • presidentskapsminister (2011–2016)
  • Minister of Health, Social Services and Equality (2014–2014)
  • Minister of Justice (2014–2014)
  • medlem (Spanish Council of State, 2018–) Sjå dette på Wikidata

María Soraya Sáenz de Santamaría Antón (fødd 10. juni 1971 i Valladolid) er ein spansk politikar for Partido Popular. Frå den 22. desember 2011 var ho visestatsminister (viseregjeringspresident) og talsperson for den spanske regjeringa.

Sáenz de Santamaría var tidligere partisekretær for Partido Popular og var vald inn for valkrinsen Madrid i den 8. lovgjevande forsamlinga (2004–2008). I den 9. lovgjevande forsamlinga ble ho utpeikt av Mariano Rajoy til talsperson for Grupo Popular i den lovgjevande forsamlinga, der ho erstatta Eduardo Zaplana.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Sáenz de Santamaría blei fødd i Valladolid i 1971 og tok vidaregåande utdanning på Instituto Zorrilla. Ho tok lisensiateksamen i juss ved Universidad de Valladolid då ho var 23 år gammal.[2] 27 år gammal debuterte ho som statsadvokat (Abogada del Estado), og byrja si tenestegjering i León. Ho har undervist i forvaltningsrett ved Universidad Carlos III de Madrid.[3]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Sáenz de Santamaría byrja ho i politikken i 2000, då ho var statsadvokat, som juridisk rådgjevar for Mariano Rajoy, som då var minister under kabinettsjefen Francisco Villar García-Moreno.[4]

Sáenz de Santamaría spesialiserte seg på innanrikspolitikk og har difor vore administrasjonssekretær for Partido Popular sin politikk når det gjeld sjølvstyre og lokalt styre.[5] Ho er dessuten medlem i den eksekutive nasjonalkomitéen til partiet.[6]

I det nasjonale valet i 2004 medverka Sáenz de Santamaría i utformninga av partiprogrammet for Partido Popular. I valet stod ho som nummer 18 på vallista til deputertkammeret. Ho blei ikkje vald på dette tidspunktet, men fekk seinare eit mandat då Rodrigo Rato, som var nummer to på lista, flytta til Washington, D.C. for å tenestegjere som administrerande direktør for Det internasjonale pengefondet.

I valet i 2008 stod Sáenz de Santamaría på femteplass på vallista for kongressen for Madrid-provinsen, og blei vald inn 31. mars 2008. Leiaren for for Partido Popular, Mariano Rajoy, offentleggjorde at Sáenz de Santamaría hadde blitt talsperson for partiet i deputertkammeret etter Eduardo Zaplana, som hadde hatt same oppdrag under den tidlegare mandatperioden.[7]

Etter at Partido Popular vann valet 20. november 2011 utpeikte partileiaren Mariano Rajoy Sáenz de Santamaría til å ta hand om maktovertakinga frå den avgåande PSOE-regjeringa.[8]

Den 21. desember 2011 blei Sáenz de Santamaría utnemnd til visepresident, statsråd uten portefølje (med ansvar for etterrettingstenesta, tidlegare under Forsvarsministeriet) og talsperson for regjeringa under leiing av Rajoy.[9][10][11]

Posisjon og ideologi[endre | endre wikiteksten]

Saenz de Santamaría, omtalt av mange medium som «den mektigaste kvinna i Spania sidan (returen av) demokratiet»,[12][13][14][15][16][17] har ofte blitt sett på for å gå inn for ei teknokratisk styringsform, utan ein klårt definert ideologi.[18] Med avstand frå hovudstyret til partiet, bortsett frå at ho stod ved roret i området for regional og lokal poltikk, har det blitt peika på at ho bygga den politiske leiarskapen sin utanfor partiet i staden for frå innsida.[19] Ho blir sett på som den teoretiske representanten for den mest moderate fløya i Partido Popular.[20]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

I 2006 gifta Sáenz de Santamaría med statsadvokaten José Iván Rosa Vallejo.[21] Paret har ein son saman, som blei fødd 11. november 2011.[22][23]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rajoy inicia la renovación del PP colocando a Sáez de Santamaría como portavoz en el Congreso (elpais.com)
  2. Lista para la batalla · elpais.com
  3. "Dpto. de Derecho Administrativo de la UC3M" Arkivert 22. februar 2012 på Wayback Machine. (spansk)
  4. Diario el País, 2008-04-06
  5. Secretaria ejecutiva de Política Autonómica y Local del Partido Popular
  6. «Encuentro digitales - Soraya Sáenz de Santamaría» (på spansk). elmundo.es. Henta 10. februar 2013. 
  7. «Rajoy inicia la renovación del PP colocando a Sáenz de Santamaría como portavoz en el Congreso» (på spansk). elmundo.es. Henta 10. februar 2013. 
  8. «Sáenz de Santamaría y Jáuregui dirigirán el traspaso de poderes» (på spansk). elmundo.es. Henta 10. februar 2013. 
  9. «Real Decreto 1826/2011, 21. desember, med utpeiiking av regjeringsministrar» (PDF). BOE (på spansk). BOE. Henta 10. februar 2013. 
  10. «Real Decreto 1825/2011, 2011-12-21, der doña María Soraya Sáenz de Santamaría Antón blir vald til visepresident for regjeringa.» (PDF). BOE (på spansk). BOE. Henta 10. februar 2013. 
  11. «Ministrables sin cartera» (på spansk). elpais.com. Henta 10. februar 2013. 
  12. «Spain's new deputy prime minister 'most powerful woman since democracy'». telegraph.co.uk. 23. desember 2011. Henta 23. desember 2011. 
  13. «5 of Europe's most powerful women». USA Today. 9. mars 2015. Henta 9. mars 2015. 
  14. «'Most powerful woman since democracy' put in charge of Catalonia in defiance of independence». Business Insider. 28. oktober 2016. Henta 28. oktober 2016. 
  15. «Are these Spain's ten most powerful women?». The Local. 8 March 2016. Henta 8. mars 2016. 
  16. «Soraya Saenz de Santamaria: The Most Powerful Woman in Spain». International Business Times. 23. desember 2011. Henta 23. desember 2011. 
  17. «Soraya Sáenz de Santamaría – Madrid's enforcer for Catalonia». BBC. 28. oktober 2017. Henta 28. oktober 2017. 
  18. «¿Liberal? ¿Democristiano? Quién es quién en la batalla por el poder en el PP». El Boletín. 19. juni 2018. 
  19. Carpio, José A. (19. juli 2018). «Soraya Sáenz de Santamaría, la copiloto de Rajoy en Moncloa pide ponerse a los mandos del PP». RTVE. 
  20. Cué, Carlos E. (20. desember 2013). «Rajoy tomó la decisión final tras meses de debate interno y tensión en el PP». El País. 
  21. «Santamaría, cuestionada como pregonera por su 'situación matrimonial'». El Mundo (Valladolid). 23. januar 2013. Henta 31. juli 2019. 
  22. «Soraya Sáenz de Santamaría da a luz a un niño» (på spansk). elmundo.es. Henta 10. februar 2013. 
  23. Govan, Fiona (25. november 2011). «Spanish MP with key role back to work 11 days after giving birth». The Daily Telegraph (Madrid). Henta 5. juni 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]