South Georgia Survey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

South Georgia Survey (SGG) var ei rekkje ekspedisjonar for å landmåle og kartlegge Sør-Georgia, leia av Duncan Carse mellom 1951 og 1957.[1] Sjølv om det hadde vore drive kvalfangst kring Sør-Georgia med fleire kvalstasjonar på øya sidan første halvdel av 1900-talet, var dei indre områda generelt ukjend, og karta var stort sett baserte på målingar gjort av James Cook, som først gjekk i land på øya i 1775.

South Georgia Survey vart sett i gang for å lage moderne kart av høg kvalitet av heile øya, og vart utført i løpet av fire somrar frå 1951 til 1957.

Målingane vart finansierte av Royal Geographical Society, Falkland Islands Dependencies, Odhams Press, og andre private sponsorar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carse, Duncan (March, 1959). «The Survey of South Georgia, 1951-7». The Geographical Journal (Wiley-Blackwell) 125 (1): 20–37. Henta 2012-08-14.