Southam
| Southam | |||
| by | |||
Market Hill i Southam. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Warwickshire | ||
| Distrikt | Stratford-on-Avon | ||
| Areal | 1 261,89 km² | ||
| Folketal | 6 567 (2011)[1][2] | ||
| Postnummer | CV47 | ||
| Retningsnummer | 0 1926 | ||
![]() Southam 52°15′07″N 1°23′24″W / 52.252°N 1.39°W | |||
| Wikimedia Commons: Southam, Warwickshire | |||
Southam er ein liten by i Warwickshire i England. Han ligg ved elva Stowe, som har utspringet sitt ved Napton-on-the-Hill, og renn forbi Southam før ho munnar ut i Itchen og så vidare inn i Leam.
Ein steintype som er vanleg i området er eigna til sementproduksjon, og det er eit stort steinbrot omkring halvannan kilometer nord for byen. For å frakte råvarer derfrå vart det lagt ei sidegrein frå Grand Union-kanalen inn til Southam. Mot slutten av 1990-åra vart sementfabrikken flytta til Rugby, men steinbrotet er enno i drift.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagt i angelsaksisk tid, og er nemnt i Domesday Book (1086).
Rett før borgarkrigen braut ut reiste Karl I gjennom byen. Innbyggjarane ynskte han ikkje velkommen, og nekta å ringe med kyrkjeklokkene. I 1642 budde kongen i Southam før slaget ved Edgehill. I 1645 var leiaren til den andre sida i byen, då Oliver Cromwell heldt til der saman med 7 000 soldatar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ folketellingen 2011 for Storbritannia, Wikidata Q855531
- ↑ «Key Statistics». Office for National Statistics. Table KS101EW (Usual resident population) and Table KS105EW (Household composition). Henta 23. juni 2025.
- Denne artikkelen bygger på «Southam» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.
