Sparebanken Sogn og Fjordane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sparebanken Sogn og Fjordane
Sparebanken Sogn og Fjordane logo.jpg
TypeSparebank
Org.nummer946 670 081
Skipa1. april 1988
HovudkontorLangebruvegen 12 Førde
Adm.dirArvid Andenæs
FokusVere ein bank for folk i og frå fylket
EigarskapSparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Nettstadssf.no

Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF) er den største banken i Sogn og Fjordane fylke med ein forvaltningskapital på ca 38 milliardar kroner og 270 årsverk. Banken har 23 salskontor, 17 bank-i-butikk filialar og er representert i 21 av dei 26 kommunane i fylket. Sparebanken Sogn og Fjordane har i tillegg kontor i Bergen. Hovudkontoret ligg i Førde i Sunnfjord. Banken er ein av dei første sparebankane i landet som har teke i bruk det nye lovverket til finansnæringa og danna ei stifting; Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Som eit resultat av dette har banken fått nytt forstandarskap og nytt styre frå 1. september 2010. Styreleiar i Sparebanken Sogn og Fjordane er Hallgeir Kleppe (økonomi- og finansdirektør i Fjord 1). Elin Schei Stuhaug er leiar av den nye forstandarskapen, som har 45 medlemer; 13 vald av innskytarane, 3 offentleg utnemnde, 11 medlemer frå dei tilsette og 18 som representerer eigenkapitaleigar.

Konsern[endre | endre wikiteksten]

Sparebanken Sogn og Fjordane har følgjande dotterselskap:

  • Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS (tidlegare: SSF Bustadkreditt AS)
  • Bankeigedom Sogn og Fjordane AS: (tidlegare: SSF Bankeigedom AS)
  • Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS (tidlegare: SSF Eigedomsmekling AS)

Historie[endre | endre wikiteksten]

Formålet med sparebankane var frå starten av at dei skulle vere hjelp til sjølvhjelp for folk med små inntekter, og bidra til økonomisk sjølvstende og tryggleik for den enkelte. Sparebanken Sogn og Fjordane er over 160 år gamal og er bygd opp av over 25 sparebankar. Banken starta som Førde Sparebank i 1842. Sparebanken Sogn og Fjordane blei etablert 1. april 1988 ved ei samanslåing av Balestrand Sparebank, Gaular Sparebank, Gloppens Sparebank, Hornindals Sparebank, Innvik Sparebank, Leikanger Sparebank, Stryn Sparebank og Sunnfjord Sparebank. Sunnfjord Sparebank vart etablert i 1973 ved ei samanslåing av Askvoll Sparebank, Førde Sparebank, Jølster Sparebank og Vevring Sparebank. I 1975 blei Brekke Sparebank, Hyllestad Sparebank, Kyrkjebø Sparebank og Lavik Sparebank med og i 1984 kom Gulen Sparebank, Naustdal Sparebank og Sulen Sparebank med. Den 13.oktober 2003 blei Sparebanken Flora-Bremanger ein del av Sparebanken Sogn og Fjordane. Sparebanken Sogn og Fjordane har eit strategisk samarbeid med Gjensidige og lanserte i 2007 ein nasjonal nettbank med base i Førde, Gjensidige Bank. Frå 1. september 2010 har Sparebanken Sogn og Fjordane teke over drifta av Fjaler Sparebank i Dale og Bergen.

Visjon og verdiar[endre | endre wikiteksten]

Sparebanken Sogn og Fjordane har som visjon å vere ei drivkraft for fylket sitt. Banken har eit breitt kulturelt engasjement, og den er hovudsponsor for dei fleste store kulturarrangementa i fylket. I 2010 hadde banken set av 30 millionar kroner av overskotet øyremerka gåver / utbytte som skulle gå til å understøtte det frivillige lagsarbeidet i fylket. Banken nemnar at stikkorda for sitt bidrag er mangfald, trivsel og nyskaping.

Sparebanken Sogn og Fjordane støttar også opp om, og prioriterar viktige tiltak som anleggsutbygging, breiddeidrett, nærmiljøtiltak og talentutvikling i sitt sponsorarbeid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]