Spey Bay
Spey Bay | |||
busetnad | |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Spey Bay 57°40′21″N 3°05′12″W / 57.6725°N 3.0866666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Spey Bay |
Spey Bay (skotsk-gælisk Inbhir Spè) er ein liten busetnad i Moray i Skottland. Han ligg på austsida av munningen til Spey ved kysten av Moray Firth, mellom landsbyen Kingston på vestsida av Spey, og fiskehamna Buckie i aust. Ved Spey Bay finn ein den største småsteinstranda i Skottland.[1]
Spey Bay har opphav i laksefiske i Spey. Fiskestasjonen her som blei bygd i 1768 er ikkje lenger i bruk, men Tugnet Ice House – som skal vera det største ishuset i Skottland – er att som turistattraksjon. Det blei bygd i 1830, og blei brukt til å lagra is som ein henta ut frå elva om vinteren. Deretter brukte ein han til å halda laksen ein fiska her fersk.[2]
Ein del av den tidlegare fiskestasjonen er blitt bygd om til Scottish Dolphin Centre, som er drive av Whale and Dolphin Conservation Society.[3] Staden er kjend for delfinar, og det finst også fiskeørn, havert, steinkobbe, oter, ender og vadefuglar i området.
Spey Bay Golf Club opna i 1907.[2] Han ligg ved sida av turruta Speyside Way.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Spey Bay», Scottish Wildlife Trust (på engelsk), henta 21. juni 2023
- ↑ 2,0 2,1 «Spey Bay Feature Page on Undiscovered Scotland», www.undiscoveredscotland.co.uk, henta 21. juni 2023
- ↑ «WDC Scottish Dolphin Centre - Spey Bay, Moray Firth», Scottish Dolphin Centre (på engelsk), henta 21. juni 2023
- ↑ Spey Bay Golf Club & The Bay – Logos go at the top here! (på engelsk), henta 21. juni 2023
- Denne artikkelen bygger på «Spey Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juni 2023.