Steinkobbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steinkobbe

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar

Steinkobbe
Steinkobbe i Akvarium

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Underorden: Pinnipedia
Familie: Phocidae
Slekt: Phoca
Art: P. vitulina
Vitskapleg namn
Phoca vitulina
Steinkobbe, fjordsel
Namn på andre språk
Svensk Knubbsäl
Dansk Spættet sæl
Engelsk Harbor seal, common seal
Tysk Seehund
Fransk Phoque commun, veau marin
Spansk Foca común, foca del puerto, foca moteada
Russisk Tjulen (тюлень), obyknovennyj tjulen (обыкновенный Тюлень)

Steinkobbe eller fjordsel (Phoca vitulina) er ein sel som lever i temperert til kjølig vatn langs kystane nord i Atlanterhavet og Stillehavet. Han er den vanlegaste selen ved norskekysten, med ein bestand på nesten 6000 individ. Likevel vert arten rekna som sårbar etter Norsk raudliste 2006.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Steinkobben er gråbrun med små flekkar, og er noko lysare på undersida. Hovudet er lite og rundt og skil seg såleis frå haverten, den andre vanlege selen ved norskekysten. Hannane er større enn hoene, og kan bli heile 180 cm lange med ei vekt på 130 kg. Hoer vert inntil halvannan meter.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Steinkobben heldt seg ofte lenger inn mot land enn det haverten gjer. Han er vanleg i mange fjorder, og kan òg gå opp i elver. Arten er selskapeleg, og lever i større eller mindre flokkar. Dei føretek få eller ingen vandringar, men heldt seg til dei same områda mesteparten av tida.

Paringstida er om hausten, og hoa går drektig i om lag 9 månadar. Kvar ho får stort sett ei unge, som veg om lag 10 kg og vert fødd på land i juni eller juli.

Steinkobben lever for det meste av fisk, men tek òg blekksprut og reker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Markussen, Nina: «Steinkobben» i Norges dyr, Cappelen 1992
  • Artsdatabanken