Spicules

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spicules, synlege som mørke røyr. Solaktivt område 10380, juni 2004.

Spicules er element, i røynda supersoniske plasmastråler, som dannar finstrukturen av kromosfæren, den inste delen av atmosfæren til sola.

Ei forskargruppe ved University of Lockheed Martin Solar and Astrophysics Lab har funne ut at spicules vert skapt av spesielle lydbølgjer på soloverflata. Ein spicule varer fem minutt og har ei utstrekking på 600 km og ei høgd på 5000 km. Sjsølv om det til ei kvar tid finst kring 100 000 spicules på sola, har ein ikkje forklart opphavet deira før no.

Ein datamodell vart bygd opp ved å ta samtidige bilete av soloverflate og plasmastrålene. Ein fann ut at lydbølgjene på overflaten vanlegvis vert dempa før dei når atmosfæren. I ein del tilfelle vil de nå heilt ut i atmosfæren og forvandlast til sjokkbølgjer. Desse skyv stoff opp og ut frå sola.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]