Spiral

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein spiral (i dette tilfelle ein logaritmisk spiral)

Spiral i matematikk er ei plan kurve som går rundt eit fast punkt, polen, ei uavgrensa mengd vindingar.

Det finst mange typar spiralar og ei av dei enklaste er Arkimedes-spiralen, som ein får når eit punkt flyttar seg med jamn snøggleik langs ei rett linje, som samtidig roterer jamt omkring polen. I polarkoordinatar er likninga r = k · φ.

Ein annan type er den logaritmiske spiralen, som har den eigenskapen at tangenten alltid dannar same vinkelen med linja til polen. Ein anna spiral er òg hyperbolsk spiral.

Ordet spiral vert òg nytta meir populært om romkurver som har uendeleg mange vindingar, som til dømes ein heliks. E

Kjelder[endre | endre wikiteksten]